Mellom linjene: Viss nokon har tid til å omsetja, er det flott. Då skal eg lova å godkjenne omsetjingar snøgt, og så byggjer me ei ny WordPress-utgåve når omsetjinga er meir komplett. Til så lenge har me i alle fall ein delvis ferdig 3.9.1.
]]>Mellom anna har det vore litt ordskifte her på nn.wordpress.org om me skulle hatt drakt i staden for bunad. Ein bunad/ei drakt (engelsk: theme) er rett og slett utsjånaden og utforminga til bloggen eller nettstaden din. Det finst eit stort tal ulike bunader, og dei fleste går an å tilpasse slik at du får eit eige visuelt uttrykk på nettsida di. Men kva er det beste nynorske ordet? Til no er bunad brukt konsekvent, og det er i tråd med det litt tilårskomne ordet bladbunad (for layout). Samanlikninga med «noko du kler på deg» er i alle fall ganske nærliggande, fordi innhaldet på bloggen din er det same sjølv om du bruker ulike bunader for å visa det fram.
Det er fint med gjennomtenkte innspel til dette spørsmålet, fordi det er eit ganske stort arbeid å endra bunad til eit anna ord. Difor er det greitt å ha eit godt grunnlag for evt. å gjera ei slik endring. Me endrar gjerne ordbruk om det kjem fram gode argument. Fram til dess kjem bunad til å vera i bruk.
]]>